- Hovedside>
- Domstolsnytt>
- Dom: Erstatning til barn med fødselsskade
Dom: Erstatning til barn med fødselsskade
INSTANS: | Gulating lagmannsrett – Dom |
DATO: | 2012-06-14 |
PUBLISERT: | LG-2011-62929 |
STIKKORD: | Skadeserstatning. Pasientskadeloven § 4, § 2. |
OPPSUMMERING: | En gutt fikk fødselsskade som resulterte i en alvorlig hjerneskade med cerebral parese og dyskinesi. Lagmannsretten økte det årlige beløpet til 160 000 kroner pr. år fordi pasientskadenemnda ikke hadde tatt tilstrekkelig hensyn til mors inntektstap. |
SAKSGANG: | Pasientskadenemnda PSN-2009-195 – Bergen tingrett TBERG-2010-92979 – Gulating lagmannsrett LG-2011-62929 (11-062929ASD-GULA/AVD1). |
FORFATTER: | Lagdommer Rolf Strøm. Kst. lagdommer Bjørnar Borvik. Tingrettsdommer Rune Høgberg. |
Alle pasientskadesaker må håndteres individuelt og på riktig måte for at du skal få den pasientskadeerstatningen du har krav på. Vurderingen kan være til dels kompleks og det er en fordel om man lar seg bistå av en advokat med erfaring fra slike saker. I mange tilfeller kan det ta lang tid å behandle et krav om pasientskadeerstatning, noen ganger flere år. Etter at NPE har bekreftet at det foreligger en pasientskade, plikter NPE etter en egen forskrift å dekke rimelige og nødvendige utgifter til advokatbistand.
Dommen ble ikke prosedert av våre advokater, men presenteres som illustrasjon og oppdatering på rettsutviklingen i personskadesaker.
Saka gjeld utmålinga av erstatning for utgifter til sosialmedisinske tiltak som følgje av fødselsskade.
A vart fødd *.*.2005 på Haukeland Universitetssjukehus HF. På grunn av oksygenmangel under fødselen pådrog han seg ein alvorleg hjerneskade (cerebral parese, dyskinesi). I vedtak 15.04.2008 erkjente Norsk pasientskadeserstatning ansvar for denne skaden, og i vedtak 02.02.09 vart A tilkjent ei samla erstatning på 7 185 240 kroner. Vedtaket vart påklaga til Pasientskadenemnda.
I vedtak 14.12.2009 ( PSN-2009-195) frå Pasientskadenemnda vart Norsk pasientskadeserstatnings vedtak 02.02.2009 omgjort for postane påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak, og for posten bustadtilpassing. A vart etter dette tilkjent erstatning fordelt på følgjande postar:
|
Ved stemning 07.06.2010 til Bergen tingrett gjekk A v/verger B og C til søksmål mot Staten v/Pasientskadenemnda. Bergen tingrett sa 10.02.2011 dom med slik domsslutning:
1. | Staten v/Pasientskadenemnda frifinnes. |
2. | Sakskostnader tilkjennes ikke. Utgiftene til den rettsoppnevnte sakkyndige deles likt mellom partene, og forfaller til betaling 2 – to – uker etter at avgjørelsen hvor utgiftene fastsettes er avsagt. |
Lagmannsretten vil for ordens skuld nemne at B i brev 13.02.2009 til Norsk pasientskadeserstatning sette fram krav om erstatning for tapt inntekt på grunn av fødselsskaden. Dette kravet vart avslått av Norsk pasientskadeserstatning i vedtak 27.02.2009. Vedtaket vart stadfesta av Pasientskadenemnda i vedtak 14.12.2009. Ved stemning 07.06.2010 til Bergen tingrett gjekk B til søksmål mot Staten v/Pasientskadenemnda. Denne saka vart heva med Bergen tingretts avgjerd 10.02.2011.
A v/verger B og C anka 10.03.2011 dommen frå Bergen tingrett til Gulating lagmannsrett. Anken retta seg mot utmålinga av utgiftene til påførte og framtidige sosialmedisinske tiltak, herunder erstatning for skatteulempe. Vidare retta anken seg mot utmålinga av utgifter til bustadtilpassing.
Hovudforhandlinga fann stad 23.-25.04.2012 i lokala til Gulating lagmannsrett i Bergen. Advokat Thomas Roander møtte som prosessfullmektig for ankeparten. Dessutan møtte vergene B og C. Advokat Cathrine Pedersen møtte som prosessfullmektig for ankemotparten. Både B og C ga forklaring. Lagmannsretten mottok dessutan forklaring frå tre vitne, og frå den rettsoppnemnte sakkyndige, overlege Alf Bjørnstad, spesialist i barnesjukdommar. Det vart foreteke slik dokumentasjon som rettsboka viser.
Under ankeforhandlinga vart det inngått eit utanomrettsleg forlik mellom partane om erstatninga for utgifter til bustadtilpassing. Ankeparten har frå Norsk pasientskadeserstatning allereie fått utbetalt 1 000 000 kroner i erstatning for utgifter til bustadtilpassing, og forliket går ut på at ankeparten får ei tilleggsutbetaling på 500 000 kroner. Lagmannsretten vil her nemne at det både i ankeerklæringa av 10.03.2011 og i sluttinnlegget av 29.03.2012 er gjort gjeldande at ankeparten for denne erstatningsposten bør tilkjennast erstatning oppover begrensa til 2 500 000 kroner. Forlikets betydning for sakskostnadsspørsmålet vil lagmannsretten kome tilbake til, men det er ikkje naudsynt å gje ei nærmare framstilling av partanes påstandsgrunnlag for denne erstatningsposten.
Partanes påstandsgrunnlag og påstandar
Ankeparten, A v/verger B og C, har særleg halde fram:
Dommen frå Bergen tingrett bygger på feil bevisvurdering og feil rettsbruk.
Erstatninga for framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak er for lav. Målsettinga med denne erstatninga er å sette den skadelidne i stand til å leve eit mest mogleg sjølvstendig og fullverdig liv. Sjølv om A er avhengig av tilsyn, pleie og hjelp til alle praktiske føremål, er han kognitivt frist. Han har vist stor utvikling – både kommunikativt og motorisk – sidan han begynte i første klasse hausten 2011. A har særdeles stor nyttegjeringsevne, og det er feil av tingretten å legge til grunn at overføringsverdien av Høgsteretts dom i Rt-2002-1436 (Bråtane) er begrensa.
Utgifter til ledsagar og assistentar på ferie- og fritidsreiser er ikkje tilstrekkeleg dekka gjennom den tilkjente erstatninga. A har i dag eit logopedtilbod som er dekka av det offentlege. Det er usikkert korleis dette blir framover i tid, og om det offentlege vil dekke utgiftene til logoped. Erstatninga må utmålast med dette for auge. Vidare må det takast høgde for at A har eit omfattande behov for bistand frå foreldre og andre i samband med utarbeiding og oppfølging av søknader til det offentlege om ytingar og anna form for hjelp. Denne tidsbruken har eit erstatningsrettsleg vern, og er ikkje i tilstrekkeleg grad dekka gjennom den tilkjente erstatninga. Det må vidare leggast vekt på det påførte og framtidige inntektstapet til A mor, og at familien mottek offentlege ytingar på eit relativt sett lavt nivå.
Erstatninga for påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak skal ligge innafor det som er rimeleg og naudsynt, og det blir ikkje oppstilt strenge krav til dokumentasjon. På dette grunnlaget blir det gjort gjeldande at den årlege erstatninga i gjennomsnitt bør ligge opp mot 200 000 kroner. I tida før A mor gjekk ned i redusert stilling, og i tida etter at A har fylt 18 år, bør den årlege erstatninga ligge noko lavare.
Erstatning for skatteulempe må utmålast individuelt med utgangspunkt i den matematisk berekna skatteulempen. Eit tillegg for skatteulempe på 25 % av den neddiskonterte erstatninga for utgifter til framtidige sosialmedisinske tiltak er ikkje i samsvar med prinsippet om full erstatning. Skattefordelen knytta til investering i livrenter har falt bort, og det må elles tilleggast vekt at erstatninga blir forvalta av det lokale overformynderiet, som plasserer midlane i bank med relativt lav avkastning. Med eit tillegg på 25% vil difor ikkje erstatninga vare til statistisk levealder. Tillegget for skatteulempe i foreliggande sak bør ligge opp mot 40%.
A v/verger B og C har lagt ned slik påstand:
1. | A tilkjennes erstatning fra Staten v/Pasientskadenemnda fastsatt etter rettens skjønn og med tillegg for lovens forsinkelsesrente fra 14 dager etter dommens forkynning og til betaling skjer. |
2. | Staten v/Pasientskadenemnda dømmes til å betale sakens omkostninger for tingrett og lagmannsrett. |
Ankemotparten, Staten v/Pasientskadenemnda, har særleg halde fram:
Dommen frå Bergen tingrett bygger verken på feil bevisvurdering eller feil rettsbruk.
Tingretten har lagt til grunn eit årleg erstatningsnivå som er i samsvar med saker frå retts- og nemndspraksis som kan samanliknast med foreliggande sak. Erstatninga må utmålast skjønnsmessig, og dette gjeld både for ferie- og fritidsreiser, hjelp frå foreldre og andre nærståande, og utgifter til bistand frå sosionom. Når det gjeld logopedutgifter, er ankemotparten samd i tingrettens vurdering. Og sjølv om det må leggast til grunn at A er kognitivt heilt intakt, er det etter ankemotpartens syn likevel slik at overføringsverdien av dommen frå Høgsterett i Rt-2002-1436 (Bråtane) for spørsmål om nyttegjeringsevne, er begrensa.
Sjølv om inntektstapet til A mor har erstatningsrettsleg vern, følgjer det av Høgsteretts dom i Rt-2010-1153 (tredjepersonstap) at det må takast omsyn til utbetalt omsorgslønn ved utmålinga av denne tapsposten. Det faktum at B ikkje har søkt om avlasting eller omsorgslønn sidan 2008, kan takast til inntekt for at det ikkje er eit udekka behov ut over den erstatninga som allereie er tilkjent.
Tingretten har gjeve erstatning for skatteulempe med 25% av den neddiskonterte erstatninga for framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak. Dette er i samsvar med fast retts- og nemndspraksis i saker med yngre skadelidne. Sjølv om det ikkje lenger er ein skattefordel knytta til plassering i livrente, vil skattebelastninga kunne reduserast ved å investere delar av erstatninga i bustad.
Staten v/Pasientskadenemnda har lagt ned slik påstand:
1. | Anken forkastes. |
2. | Staten v/Pasientskadenemnda tilkjennes sakens omkostninger for lagmannsretten. |
Lagmannsrettens vurdering
Kort om dei rettslege utgangspunkta
Det følgjer av pasientskadelova § 4 første ledd at det er reglane i skadeserstatningslova som skal leggast til grunn for erstatningsutmålinga. Prinsippet om full erstatning følgjer av skadeserstatningslova § 3-1, og dette inneber mellom anna at kvar sak må vurderast for seg. Etter pasientskadelova § 18 første ledd kan domstolane prøve dei vedtak som Pasientskadenemnda gjer, og Høgsterett har i Rt-2006-1217 (angiografi) avsnitt 38 uttalt følgjande om domstolanes prøvingsintensitet i slike saker:
« Jeg kan ikke se at det er grunnlag for en slik tilbakeholdenhet ved overprøvingen av den enkelte avgjørelse. Derimot må avgjørelser fra Pasientskadenemnda tillegges vekt i den utstrekning de kan tas som uttrykk for, eller ha gitt seg utslag i, en fast og konsistent praksis, jf. tilsvarende synspunkter i Rt-2005-1757, avsnitt 45, som gjaldt Trygderettens praksis. » |
Lagmannsretten legg etter dette til grunn at den kan prøve alle sider ved saka. Prinsippet om full erstatning – og at kvar sak må vurderast for seg – tilseier at lagmannsretten ikkje kan vere bunden av at det i nemdspraksis for enkelte typer av pasientskader har utpensla seg eit visst nivå på erstatningssummane. Omsynet til likebehandling kan difor først og fremst ivaretakast ved at erstatningsutmålinga bygger på dei retningslinjene for utmåling av erstatninga for sosialmedisinske utgifter som er utpensla i ei rekke dommar frå Høgsterett, og lagmannsretten nøyer seg her med å vise til Rt-1993-1547 (Skoland), Rt-1996-958 (Stokstad) og Rt-2002-1436 (Bråtane). Det følgjer av desse dommane at erstatninga for sosialmedisinske utgifter skal vere eit supplement til dei offentlege ytingane, og vidare at erstatninga skal ligge innafor det som framstår som rimeleg og naudsynt. Ved denne vurderinga må det leggast vekt på situasjonen og pleiebehovet til den skadelidne, omfanget av dei offentlege ytingane, og skadelidnes nyttegjeringsevne. Innslaget av skjønn ved denne erstatningsutmålinga er betydeleg, og meir detaljerte berekningar av dei sosialmedisinske utgiftene vil ikkje kunne vere til meir enn ei viss hjelp for tanken.
Ankepartens pleiebehov og nyttegjeringsevne
Det er semje mellom partane om A pleiebehov og nyttegjeringsevne, og lagmannsretten vil her vise til vurderingane til den rettsoppnemnte sakkyndige, overlege Bjørnstad. I den oppdaterte tilleggsutsegna 15.01.2012 heiter det mellom anna:
« ... gutten har et betydelig motorisk skadebilde med 100% medisinsk invaliditet og stort behov for hjelp til de fleste av dagliglivets aktiviteter. Dette i sterk kontrast til hans mentale funksjon som ble beskrevet som innenfor det forventede for alder. Man forventet dermed en høy nyttiggjøringsevne. |
Siden dette har gutten gått over fra å være barnehagebarn til å bli skolegutt, og ser ut til å ha taklet dette på en måte som passer godt med hva man ut fra beskrivelsen ovenfor kunne forvente. Han er ivrig, flink og nøyaktig i skolearbeidet, og det er ikke tegn til lærevansker eller kognitiv svikt. Både PPT og skolen har lagt til grunn at gutten skal ha de samme utfordringene som andre elever, men med fysisk tilrettelegging for manglende funksjon. PPT og skolen vektlegger som et satsningsområde en videre utvikling av verbal kommunikasjon, og det er viktig at logopedoppfølging som nå synes velfungerende kan videreføres i fremtiden. |
Gutten har vist store fremskritt i gangfunksjon, både med økt gangdistanse uten hjelpemidler til 45 skritt og med bruk av rullator slik at krabbing ikke lenger benyttes til forflytning innendørs. Gutten er ved tidligere vurdering ved Haukeland universitetssykehus og av undertegnede ved vurdering for 1 år siden plassert i GMFCS [Gross Motor Function Classification Scale] nivå 3; går med ganghjelpemiddel, begrensninger ved gange utendørs og i lokalsamfunnet. Han er ved ny vurdering fortsatt på dette nivået, og det vil ikke være å vente at han vil komme opp på nivå 2 da dette betinger gange uten ganghjelpemiddel. Det vil likevel fortsatt være viktig med regelmessig trening for å opprettholde og videreutvikle gangfunksjonen så godt som mulig. |
Ny vurdering av gutten og hans videre utvikling bekrefter tidligere vurdering av en høy nyttiggjøringsevne. Han vil fortsatt forventes å ha omfattende motoriske begrensninger og behov for hjelp til alle funksjonsområder i hverdagen. Fremtidige behov er grundig beskrevet og drøftet i kapittel 2 i tidligere inngitt rapport til Bergen tingrett, og denne vurderingen opprettholdes i sin helhet. Dette gjelder også for tidligere vurdering i kapittel 3 i samme rapport vedrørende saksøkers mulighet for videre skolegang, utdanning og evt. jobb. Hans utvikling vil alltid begrenses av den motoriske skade, og han vil alltid forventes å ha behov for betydelig bistand og tilrettelegging som redegjort for i tidligere rapport. » |
I den sakkyndige utsegna 14.12.2010 til Bergen tingrett skriv overlege Bjørnstad følgjande om A høve til vidare skulegang, utdanning og arbeid:
« Det vil på et ethvert nivå være nødvendig med tilrettelegging, ikke i form av redusert innhold eller vanskelighetsgrad, men rent praktisk med datastøttet læremateriell og skrivehjelp eventuelt i form av noen som skriver for ham. ... Man kan tenke seg mulighet for videre utdanning og jobb innenfor teoretiske fag eller data- og informasjonsteknologi, men det forutsettes at studie- og jobbsituasjon lar seg tilrettelegge. » |
Vitnet D, som er avdelingsleiar for 1. til 3. klasse ved X skole i Bergen der A er elev, har for lagmannsretten forklart at A er blant dei sterkaste førsteklassingane på skulen, og ho bygger denne vurderinga på vekeskartleggingar som blir gjort i klassen, og på resultata frå Utdanningsdirektoratets testar. Undervisninga er tilrettelagt, men han får oppgåver på høgaste nivå for sitt klassetrinn.
Lagmannsretten legg til grunn for utmålinga av erstatning at A har eit stort pleiebehov, som vil vare livet ut, og vidare at han har ein høg nyttegjeringsevne som inneber at erstatninga ikkje kan reduserast med den grunngjeving at han uansett ikkje vil ha glede og nytte av denne. Prosessfullmektig Roander har for lagmannsretten gjort gjeldande at A nyttegjeringsevne ikkje er dårlegare enn hos den skadelidne i Rt-2002-1436 (Bråtane). Det kan godt vere, men saksforholdet i Rt-2002-1436 (Bråtane) skiller seg likevel på andre punkt frå saksforholdet i foreliggande sak, og ei samanlikning av nyttegjeringsevna til dei to skadelidne er difor ikkje avgjerande for lagmannsrettens vurdering.
Det offentlege tilbodet
Det offentlege tilbodet til A og familien består av fleire element. A har assistent på full tid både i skulen og i SFO. I tillegg er familien innvilga støttekontakt med fire timar pr. veke. Foreldra har sjølv stått for rekruttering av støttekontakten, og denne blir tilleggsbetalt med 100 kroner pr. time for å sikre lønnsvilkår som er konkurransedyktige med avlønning som ekstravakt i helsevesenet. Familien har dessutan fått innvilga avlasting ei helg pr. månad, men sidan det frå familien vart stilt krav om to personar, blir det avlasting berre ei helg annankvar månad. A har forhøya hjelpestønad sats 3 frå 01.01.2009, og dessutan grunnstønad sats 3 til særleg transport frå 01.08.2009. I tillegg kjem logopedbehandling tre timar kvar veke, og fysio- og ergoterapibehandling to gonger i veka. Etter tingrettens dom vart det søkt om omsorgslønn. Søknaden vart avslått, og avslaget er etter klage no endeleg. Tildeling av personleg assistent (BPA) er først aktuelt frå fylte 12 år.
Erstatning for mors inntektstap
Det følgjer av pasientskadelova § 2 første ledd at erstatning kan krevast av « [p]asienten og andre som har lidt tap på grunn av pasientskade ». Høgsterett har i Rt-2010-1153 (tredjepersonstap) avsnitta 36-38 lagt til grunn som normalordning at også tredjepersonstap inngår ved utmålinga av erstatning for framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak. Det framgår vidare av avsnitt 43 at påført tap kan tilkjennast tredjepart, men at det ikkje er noko i vegen for at også dette blir tilkjent den direkte skadelidne.
A mor gjekk inn i redusert stilling frå 01.01.2008, og det er ikkje usemje mellom partane om at det er årssakssamanheng mellom fødselsskaden og mors inntektstap. Framlagte berekningar viser at det påførte inntektstapet varierer mellom omlag 16 000 kroner og 64 000 kroner pr. år, og det framtidige inntektstapet er berekna til omlag 65 000 kroner pr. år fram til A fyller 18 år. Ankemotparten har ikkje innvendingar til dette talmaterialet, og dette blir lagt til grunn for lagmannsrettens vurdering.
Spørsmålet er om dette inntektstapet allereie er erstatta i eit omfang som er rimeleg og naudsynt gjennom dei offentlege ytingane som familien har, og gjennom den erstatninga for framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak som Pasientskadenemnda har tilkjent A.
A mor har for lagmannsretten forklart seg om eit omfattande omsorgsbehov, og om arbeidet knytta til utarbeiding og oppfølging av søknader til det offentlege om ytingar og anna form for hjelp. Også Pasientskadenemnda peikar på at familien har eit relativt dårleg tilbod frå det offentlege, men legg til grunn at dei offentlege ytingane vil bli noko betre i framtida. Familien har sidan vedtaket i nemnda fått auka hjelpestønaden frå sats 2 til sats 3, og har dessutan fått innvilga støttekontakt med fire timar pr. veke. Foreldra er dessutan innvilga utvida rett til omsorgsdagar, ei ordning som er meint å dekke inntektsbortfall når ein av foreldra må vere heime på grunn av sjuke barn. Derimot har familien fått endeleg avslag på søknaden om omsorgslønn, og lagmannsretten ser det difor slik at tilbodet frå det offentlege framleis ikkje er særleg omfattande. Lagmannsretten legg til grunn at A vil få tildelt personleg assistent (BPA) frå fylte 12 år, og viser her til overlege Bjørnstads forklaring om at ei slik ordning vil passe svært godt for A. Ein personleg assistent vil klart nok kunne dekke delar av omsorgsbehovet hans, og slik gjere det mogleg for mor å arbeide meir enn ho no gjer.
Ankeparten har for lagmannsretten gjort gjeldande at hjelpestønaden på vel 54 000 kroner pr. år må haldast utanfor ved fastsettinga av mors inntektstap. Lagmannsretten har eit anna syn her: Det følgjer av skadeserstatningslova § 3-1 tredje ledd første punktum at det skal gjerast frådrag mellom anna for trygdeytingar, og det er sikker rett at det berre kan gjerast frådrag dersom trygdeytinga er utløyst av skaden og dekker den same skaden og tapsposten som erstatninga (kompensasjonsrelevans), jf. for eksempel Nils Nygaard, Skade og ansvar, 6. utgåve, Bergen 2007 s. 35. Føremålet med hjelpestønaden er å gje økonomisk kompensasjon for særskilt tilsyn eller pleie, jf. folketrygdlova § 6-1, og av same lovs § 6-4 første ledd framgår det vidare at det må foreligge eit privat pleieforhold. Folketrygdlova § 6-5 tredje ledd inneheld dei nærmare retningslinjene for vurderinga av om den trygda skal tildelast forhøya hjelpestønad, og det framgår her at det skal leggast vekt på « hvor mye medlemmets fysiske og psykiske funksjonsevne er nedsatt », « hvor omfattende pleieoppgaven og tilsynet er », « hvor stort behov medlemmet har for stimulering, opplæring og trening » og « hvor mye pleieoppgaven binder den som gjør arbeidet ». I grunngjevinga for vedtaket frå NAV Fana Trygd 27.07.2009 framgår det at det er vektlagt at fødselsskaden har påverka mors høve til yrkesretta aktivitet, og at ho arbeider i redusert stilling. Dette må det vere rom for å vektlegge innafor den ramma som følgjer av § 6-5 tredje ledd. I tillegg er vektlagt foreldras framstilling av dei daglege omsorgsoppgåvene. Sidan tildelinga av forhøya hjelpestønad delvis er grunngjeven med mors inntektstap, meiner lagmannsrettens at det må takast eit visst omsyn til denne trygdeytinga ved utmålinga av erstatninga for sosialmedisinske utgifter. Lagmannsretten viser her til Rt-2010-1153 (tredjemannstap) avsnitta 47-50. Rett nok var spørsmålet for Høgsterett her om det skulle gjerast frådrag for omsorgslønn, men lagmannsretten legg til grunn at dei synsmåtane som dommen bygger på, har eit vidare nedslagsfelt enn dette.
Etter lagmannsrettens syn framgår det derimot ikkje av premissane for den delen av Pasientskadenemndas vedtak som gjeld ankepartens klage, at det er gjeve tilstrekkeleg erstatning for mors inntektsbortfall som følgje av skaden. Det at mor har arbeidd i redusert stilling sidan 01.01.2008 er ikkje nemnt ved utmålinga av erstatninga for framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak, og då kan heller ikkje lagmannsretten legge til grunn at dette har innverka i tilstrekkeleg grad på erstatningsutmålinga.
Lagmannsretten har etter dette kome til at det er grunnlag for ei viss oppjustering av erstatninga for påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak på grunn av mors inntektstap fram til ankeparten fyller 18 år. Den nærmare utmålinga vil skje avslutningsvis.
Erstatning for auka utgifter til ferie og fritid
Skadelidnes eigne utgifter til ferie og fritid skal dekkast av meinerstatninga. Dette er sikker rett. Likevel må ein legge til grunn at behovet for assistanse i samband med ferie og fritid blir større etterkvart, og i tillegg kjem at det er mindre grunn til å rekne med assistanse frå foreldre i slike samanhengar etter at A har vorte vaksen. Han vil sikkert reise på ferie åleine, eventuelt saman med venner.
Framlagte berekningar viser at dersom ein reknar med to assistentar på ferie- og fritidsreiser utanfor heimen, vil kostnadene (lønn, arbeidsgjevaravgift, statens sats for kost og losji) bli knappe 5 400 kroner pr. døgn. I tillegg kjem reisekostnader for assistentane. Reknar ein med 21 reisedøgn pr. år, vil totalkostnaden bli vel 113 000 kroner pr. år. Lagmannsretten legg ikkje til grunn at dette utgjer eit mål på kva som er ei rimeleg og naudsynt erstatning, men berekninga er likevel eigna til å vise at utgiftene knytta til bruk av assistentar på ferie- og fritidsreiser, er betydelege.
Lagmannsretten går utifrå at ordninga med personleg assistent (BPA) også kan gje ei viss dekning av behovet for hjelp som A vil ha i samband med ferie og fritid, og vidare at A kan rekne med å få ei viss hjelp frå venner i slike situasjonar. Dersom ein legg til grunn at han i vaksen alder får eit butilbod med døgnkontinuerleg beredskap, vil mykje av omsorgsbehovet i det daglege bli dekka av det offentlege, og dette vil opne for at personlege assistentar kan dekke større delar av omsorgsbehovet i samband med ferie og fritid. I tillegg kjem at A som vaksen vil ha rett på hjelpestønad etter sats 1, som no tilsvarar vel 13 500 kroner pr. år.
Det framgår ikkje klart av premissane for Pasientskadenemndas vedtak at dei auka utgiftene til ferie og fritid er tilstrekkeleg vektlagt ved utmålinga av erstatning for framtidige utgifter til sosialmedisinske utgifter. Lagmannsretten har difor kome til at det er grunnlag for ei viss oppjustering av erstatninga. Den nærmare utmålinga vil skje avslutningsvis.
Erstatning for utgifter til logoped
Norsk Pasientskadeserstatning tilkjente ankeparten 275 000 kroner i erstatning for diverse øvrige meirutgifter, og denne delen av vedtaket vart stadfesta av Pasientskadenemnda. Det framgår av premissane for Pasientskadenemndas vedtak at spørsmålet om erstatning for utgifter til logoped er vurdert under denne erstatningsposten, og ikkje ved utmålinga av dei framtidige utgiftene til sosialmedisinske tiltak. Bergen tingrett på si side har derimot vurdert spørsmålet om erstatning for utgifter til logoped ved utmålinga av dei framtidige utgiftene til sosialmedisinske tiltak, og for lagmannsretten har også ankeparten gjort gjeldande at det er her dette spørsmålet høyrer heime. Tingretten kom til at det ikkje var grunnlag for å gje erstatning, og viste til at det under hovudforhandlinga hadde vorte klart at kommunens avslag på søknad om logoped etter klage hadde vorte omgjort av Fylkesmannen.
Lagmannsretten er – som Pasienstskadenemnda – av den oppfatning at spørsmålet om erstatning for utgifter til logoped bør vurderast for seg sjølv, og ikkje som eit av fleire moment som inngår i utmålinga av erstatning for utgiftene til sosialmedisinske tiltak. Dette standpunktet kan for det første grunngjevast i føremålet med dei sosialmedisinske tiltaka, nemleg at dei skal gje meir sjølvstende og trivsel i kvardagen. Logopedbehandling har primært ei medisinsk grunngjeving, sjølv om det nok kan tenkast glidande overgangar mellom medisinske og sosialmedisinske behov, jf. Rt-2010-1153 (Hagberg) avsnitt 41. Vidare kjem at utgiftene til logoped som oftast i all hovudsak vil påløpe i perioden fram til den skadelidne blir vaksen. Erstatning for utgiftene til sosialmedisinske tiltak skal derimot utmålast frå skadetidspunktet til statistisk levealder. Sjølv om det også for desse utgiftene sikkert kan tenkast visse variasjonar i den forstand at ulike livsfasar krev ulike tiltak for å gje meir sjølvstende og trivsel, vil ein nok i atskilleg større grad kunne legge til grunn for utmålinga av erstatning det same knippet av tiltak for heile perioden. Dersom ein her også skal ta høgde for tiltak som typisk blir sett inn i kortare periodar, kan ein enten risikere at skadelidne blir tilkjent meir enn full erstatning, eller ein kan risikere at slike tiltak i realiteten ikkje blir erstatta i tilstrekkeleg grad, men at dei nærmast forsvinn i det store reknestykket.
Det er semje mellom partane om at det logopedtilbodet som A no har ved X skole, fungerer godt. D har for lagmannsretten forklart at skulen har logoped tilsett i 78 % stilling, men at det er stor etterspurnad etter logopedar, og at det difor er usikkert om skulen vil finne ein ny logoped når den noverande går av med pensjon. Den uvissa som her er gjort gjeldande, er av ein slik karakter at det etter lagmannsrettens syn ikkje er grunnlag for å tilkjenne erstatning. Ankeparten har med andre ord ikkje sannsynleggjort at det vil påløpe utgifter til logoped.
Lagmannsretten vil dessutan vise til den alminnelege tapsbegrensingsplikta i erstatningsretten, og at denne plikta mellom anna gjev seg utslag i at den skadelidne – så langt som råd er – må gjere bruk av det offentlege helsetilbodet, jf. Rt-2003-1358 (psykolog) avsnitt 44. Det følgjer av opplæringslova kapittel 4A og 5 at kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å gje mellom anna logopediske tenester til alle aldersgrupper. I tillegg kjem at folketrygdlova § 5-10 gjev rett til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos logoped og audiopedagog dersom medlemmet har fått dette tilvist av lege, og det er av vesentleg betydning for medlemmets sjukdom og funksjonsevne. Overlege Bjørnstad har for lagmannsretten halde fram at han som spesialist har erfart at det statlege logopedtilbodet fungerer dersom kommunen eller fylkeskommunen ikkje tilbyr logopedbehandling. I motsetning til kva tilfellet var i Rt-2003-1358 (psykolog), kan det i vår sak altså ikkje leggast til grunn at det ikkje finst eit tilgjengeleg offentleg tilbod.
Det er etter dette ikkje grunnlag for å tilkjenne erstatning for utgifter til logoped.
Erstatning for skatteulempe
Den skadelidne skal ha erstatta sitt fulle økonomiske tap, og sidan erstatningsbeløpet utløyser formuesskatt og kapitalinntekta utløyser inntektsskatt, må det gjevast erstatning også for skatteulempen. Det er sikker rett at utgangspunktet for utmålinga av denne erstatningsposten er korleis ein må rekne med at ein fornuftig person i skadelidnes situasjon faktisk vil disponere erstatninga. Det seier seg sjølv at ei slik vurdering likevel vil vere svært usikker. Det har difor utvikla seg ein praksis som går ut på at erstatning for skatteulempen blir tilkjent med rundt 25% av erstatningssummen. I Rt-1993-1524 (Ølberg) vart det tilkjent eit påslag for skatteulempe som tilsvarte 23%, og det same var tilfellet i Rt-1993-1538 (Horseng). I Rt-1993-1547 (Skoland) vart det tilkjent eit påslag som tilsvarte i overkant av 20% av det berekna nettotapet. På grunnlag av desse dommane vart det i NOU 1994:20 (Personskadeersatning) sett fram eit forslag frå fleirtalet i utvalet om ein standardisert sats på 25% for skatteulempen, og Høgsterett meinte at dette var ein riktig sats i Rt-1996-958 (Stokstad). Spørsmålet om skatteulempen vart nekta fremma i Rt-2002-1436 (Bråtane), og i denne saka hadde lagmannsretten lagt til grunn ein sats på 25% ved utmålinga av erstatning for skatteulempen.
Ankeparten har gjort gjeldande at rettstilstanden for dette spørsmålet no er usikker, og har som grunnlag for standpunktet mellom anna vist til NOU 2011:16 (Standardisert personskadeserstatning) s. 60 første spalte der det er gjort framlegg om å løfte skatteulempetillegget til 30% for unge skadelidne. Vidare er det framheva at bortfallet av skattefordelen knytta til plassering av erstatningssummen i livrente, må innverke på størrelsen på erstatninga for skatteulempe. Endeleg er det vist til tre tingrettsdommar der skatteulempetillegget er sett høgare enn satsen på 25%; Sandefjord tingretts dom 07.04.2010 ( TSAFO-2009-9851), Follo tingretts dom 08.02.2011 og Nordre Vestfold tingretts dom 12.03.2012. Lagmannsretten ser ikkje grunn til å gå nærmare inn på premissane i nokon av desse tre dommane. Dei to sistnemnte er dessutan påanka, og følgjeleg ikkje rettskraftige.
Når det gjeld forslaget i NOU 2011:16 om 30% skatteulempetillegg for unge skadelidne, er det lagmannsrettens syn at dette ikkje kan tilleggast særleg vekt på det noverande tidspunkt. Forslaget er på eit tidleg stadium i lovgjevingsprosessen, og det er difor vanskeleg å gjere seg opp ei sikker meining om det vil bli vedteke slik det er framsett. I tillegg kjem at det ikkje klart framgår av utgreiinga om utvalet her har teke høgde for regelen i skattelova § 4-22 første ledd som inneber at det ikkje skal betalast formuesskatt av eingongserstatning etter skadeserstatningslova fram til det året den skadelidne fyller 21 år.
Etter lagmannsrettens syn kan det heller ikkje utan vidare leggast til grunn at bortfallet av skattefordelen knytta til plassering av erstatningssummen i livrente, må ha som konsekvens at det skal leggast til grunn ein høgare sats enn 25% ved utmålinga av erstatninga for skatteulempen. Rett nok er det i Ot.prp.nr.1 (2006-2007) s. 57 antyda at ei endring av reglane om formuesskatt på livrenter vil føre til ei omlegging av praksis for erstatningsutmåling for framtida, men lagmannsretten vil her nøye seg med å vise til at Høgsterett – verken i Rt-1993-1524 (Ølberg), Rt-1993-1538 (Horseng) eller i Rt-1993-1538 (Skoland) – la til grunn at skadelidne ville plassere delar av erstatninga for framtidig inntektstap i livrente. Heller ikkje i Rt-1996-958 (Stokstad) ser det ut til at plassering i livrente vart lagt til grunn som eit premiss for utmålinga av erstatning for skatteulempen. Lagmannsretten vil avslutningsvis peike på at plassering av delar av erstatningssummen i fast eigedom også vil vere eit aktuelt alternativ for ankeparten, og dette vil bidra til å redusere skatteulempen. Ankeparten har for lagmannsretten peika på at investering i fast eigedom berre er aktuelt for erstatning for ervervstap og meinerstatning, men ikkje for erstatning for sosialmedisinske utgifter, sidan ankeparten vil ha behov for å bruke av denne erstatninga heile tida. Eit stykke på veg kan nok dette synspunktet ha noko for seg, men lagmannsretten må for sin del likevel legge til grunn at også vesentlege delar av denne erstatninga kan plasserast i fast eigedom i ein lang periode. Og uavhengig av korleis erstatningssummen blir plassert, vil fritaket for formuesskatt som følgjer av regelen i skattelova § 4-22 første ledd innebere ein reduksjon av skatteulempen.
På dette grunnlaget har lagmannsretten kome til at det skal tilkjennast erstatning for skatteulempen med 25% av erstatningssummen.
Nærmare om utmålinga av erstatninga
Lagmannsretten har kome til at det er grunnlag for å oppjustere erstatninga for påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak for perioden 2010 til statistisk levealder for ankeparten. For perioden 2010 til skadelidne fyller 18 år, er oppjusteringa i hovudsak grunngjeven i Pasientskadenemndas utilstrekkelege vektlegging av mors inntektstap, og i perioden frå skadelidne fyller 18 år og fram til statistisk levealder, er oppjusteringa i hovudsak grunngjeven i at utgiftene til ferie og fritid ikkje er klart nok kompensert i vedtaket frå Pasientskadenemnda. Den nærmare utmålinga av den årlege erstatningssummen vil likevel måtte bli nokså skjønnsmessig. At det må vere slik, er mellom anna lagt til grunn av Høgsterett i Rt-1996-958 (Stokstad) s. 967. Det er svært vanskeleg å skulle gjere seg opp ei meining om omfanget av dei offentlege ytingane langt inn i framtida, og sjølv om ankeparten er 100 % medisinsk ufør, er det heller ikkje utan vidare klart kva behov han vil ha framover i tid. Lagmannsretten har difor funne det forsvarleg å legge til grunn eit gjennomsnitt for heile perioden på 160 000 kroner pr. år.
Dersom ankeparten får medhald i kravet sitt om auka erstatning, er partane samde om at skjeringstidspunktet mellom påførte og framtidige utgifter skal flyttast til årsskiftet 2011/2012. Lagmannsretten legg dette til grunn.
Ankeparten har allereie fått utbetalt 140 000 kroner for påførte utgifter til sosialmedisinske tiltak for åra 2010 og 2011. Med lagmannsrettens dom, inneber dette at det for påførte utgifter står att 40 000 kroner til utbetaling.
Dei framtidige utgiftene til sosialmedisinske tiltak for perioden 2012 til skadelidne fyller 18 år blir etter dette 1 920 000 kroner, tilsvarande ein neddiskontert verdi på 1 452 708 kroner. Dei framtidige utgiftene frå 18 år og til statistisk levealder blir 9 600 000 kroner, tilsvarande ein neddiskontert verdi på 1 727 620 kroner. Tilsaman skal ankeparten ha erstatning for framtidige utgifter med 3 180 328 kroner. I tillegg kjem erstatning for skatteulempen på 25% av erstatningssummen, eller 795 082 kroner. Den samla erstatninga for framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak utgjer etter dette 3 975 410 kroner.
Samla erstatning for påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak i perioden 2010 til statistisk levealder blir 4 015 410 kroner. Til frådrag kjem allereie utbetalt beløp på 3 490 000 kroner, noko som inneber at det etter dette framleis står att 525 410 kroner som skal utbetalast.
Sakskostnadene
Det følgjer av tvistelova § 20-3 at den part som har fått medhald av betydning, heilt eller delvis kan tilkjennast sakskostnader av motparten dersom tungtvegande grunnar tilseier det. Ankeparten har fått medhald i kravet om auka erstatning for påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak, og lagmannsretten har kome til at Norsk pasientskadeserstatning skal utbetale 525 410 kroner i tillegg til det som allereie er utbetalt. Det faktum at ankeparten ikkje har fått medhald i kravet om at påslaget for skatteulempe må aukast til 30% av erstatningssummen, og heller ikkje har fått medhald i kravet om erstatning for utgifter til logoped, endrar ikkje på denne vurderinga.
Som allereie nemnt ovanfor, vart det inngått eit utanomrettsleg forlik om erstatninga for utgifter til bustadtilpasning. Ankeparten har framsett eit krav oppover begrensa til 2 500 000 kroner, medan forliket går ut på at ankeparten får ei tilleggsutbetaling på 500 000 kroner. Forliket inneber ei vesentleg lavare erstatning for denne posten enn kva ankeparten framsette krav om. Lagmannsretten meiner at dette må få betydning for kor stor del av sakskostnadene ankeparten kan få erstatta.
Etter lagmannsrettens syn er det fleire tungtvegande grunnar som tilseier at ankeparten må få delvis erstatning for sine sakskostnader. Spørsmålet har vore tvilsamt, og det er vidare klart at det er sterke velferdsgrunnar som tilseier at A måtte få prøve saka si for lagmannsretten.
Ankepartens prosessfullmektig, advokat Roander, har lagt fram ei sakskostnadoppgåve der salæret og utlegg for lagmannsretten tilsaman utgjer 221 370 kroner inkl. mva. Lagmannsretten har kome til at det må gjerast eit skjønnsmessig frådrag på 50 000 kroner, og at ankeparten etter dette får erstatta salær og utlegg for lagmannsretten med 171 370 kroner inkl. mva. Utgifter til rettsgebyr og rettsoppnemnt sakkyndig er kravd erstatta med 61 233 kroner. Sidan ankeparten har fått medhald i kravet om auka erstatning for påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske tiltak, er det lagmannsrettens syn at ankeparten må få medhald i dette kravet. Ankeparten får difor erstatta sakskostnadene for lagmannsretten med til saman 232 603 kroner.
Ankeparten har dessutan kravd erstatning for sakskostnadene for tingretten. Det følgjer av tvistelova § 20-9 andre ledd at ankedomstolen skal legge sitt materielle resultat til grunn når den skal avgjere kravet på sakskostnadene for lavare instansar. For tingretten la advokat Roander fram ei sakskostnadsoppgåve der salær og utlegg tilsaman utgjorde 277 341 kroner inkl. mva. Etter lagmannsrettens syn må det også her gjerast eit skjønnsmessig frådrag på 50 000 kroner, slik at 227 341 kroner blir erstatta. Dette følgjer av tvistelova § 20-3. Utgifter til rettsgebyr og rettsoppnemnt sakkyndig er kravd erstatta med 42 841 kroner. Ankeparten får difor erstatta sakskostnadene for tingretten med til saman 270 182 kroner.
Dommen er samrøystes.
Dommen er ikkje avsagt innan fristen som følgjer av lova. Dette skuldast arbeidsbelastning og reisefråver hos rettens medlemmer.
Domsslutning:
1. | A blir tilkjent ytterlegare erstatning frå Staten v/Pasientskadenemnda for påførte og framtidige utgifter til sosialmedisinske utgifter med 525.410 kroner - femhundreogtjuefemtusenfirehundreogtikroner. Fristen for betaling er to veker etter at denne dommen er forkynt. |
2. | Staten v/Pasientskadenemnda blir dømt til å erstatte As sakskostnader for lagmannsretten med 232.603 kroner – tohundreogtrettitotusensekshundreogtrekroner - inkl. mva. Fristen for betaling er to veker etter at denne dommen er forkynt. |
3. | Staten v/Pasientskadenemnda blir dømt til å erstatte As sakskostnader for tingretten med 270.182 kroner – tohundreogsyttituseneitthundreogåttito – inkl. mva. Fristen for betaling er to veker etter at denne dommen er forkynt. |
Vi bistår klienter over hele landet.